Målbinding med rekved og pleksiglas
Anmeldelse av utstillinga Ingunn Utsi: «Æ e det æ har gjort» på Nordnorsk kunstmuseum (NNKM), 11. mai 2024–27. april 2025, Tromsø.
Ingunn Utsi vekker nysgjerrigheit og ordlause kjensler med løyndomane sine.
Skrive av Åsne Høgetveit
I 2023 vart Ingunn Eldbjørg Utsi (f. 1948) tildelt John Savio-prisen, ein pris som går til kunstnarar med samisk bakgrunn og identitet eller som har fremja kunst med røter i samisk kultur. Ingunn Utsi er frå Stranda ved Repvåg i Finnmark, der ho har budd og verka sidan tidleg 1980-tal, og ho er utdanna biletkunstnar. Ho har sjøsamisk bakgrunn og har vore sentral i å bygge opp samiske kunstnarorganisasjonar.
Utstillinga omfattar tretti skulpturar og nitten teikningar, daterte mellom 1984 og 2020, og fordelte i tre salar i tredjeetasjen hjå Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø. Det er den fyrste separatutstillinga museet har med Utsi, og ho er kuratert av Lise Dahl. Verka er utstilte i ein viss tematisk samanheng mellom dei tre salane – og slik blir dei langsgåande linene og kontinuiteten i kunstnarskapen til Ingunn Utsi framheva.
Då eg rundar hjørnet frå heisen og går inn i utstillingsområdet, blir blikket – og i grunnen heile meg – med ein gong trekt mot den fascinerande raude skulpturen plassert i døropninga i enden av gangen: Rød og sort sorg (2006). Furustammen er skoren ut og farga med raudfargen som går att i så mange av Utsis arbeid. Han liksom flammar opp, med kvasse, glatte tunger. Mot foten er det skore ut små riller, til ein struktur som ser ut som bark, og fargen er myrkare. Då eg ser nedi skulpturen, ligg ein rullestein der, men eg ser òg ein liten bit piggtråd som er festa under foten på trestammen.
Verka er på eit vis kompakte. I somme verk er det materialbruken eg legg ekstra merke til – minkpelsen på Fristeren (2011), bladgullet på Til minne om de uskyldige (1999) og dunfjørene i Gode minner (1986). I andre er det verkstitlane – Kanskje (1990), med det tvitydige blikket hjå ein lomvi, og sjølve utforminga – dei mjuke linene i dei harde materiala i Å ruge en fremtid (1987). Det blir formidla ei historie, og om det ikkje er ei historie, så liknar det veldig. Berre at orda manglar. I alle høve blir eg på eit tidspunkt nesten overvelda av alle verka eg så gjerne vil gå i djupna av.
Fleire av verka har ein sterk dramatikk ved seg. Det gjeld for eksempel den nemnde Rød og sort sorg, men òg Vandringen tre dager senere (1987), Gå krokveier (2000) og Den tunge samtalen om vennskap og kobber (2020). Her òg slit eg med å formulere heilt kva og korleis eg oppfattar denne dramatikken. Det er som kunsthistorikar Irene Snarby skriv i katalogen om kunstnarskapen til Utsi: «Med huggjern, øks og kniv kommer historier frem som det ikke kan settes ord på. Her får hun virkeliggjort sin trang til å fortelle uten ord.» [1]
Dåverande direktør og sjefkurator Katya García-Antón skriv i katalogen om korleis Utsi samtalar med materiala ho nyttar [2], men dialogen stoppar ikkje der. Verka stiller spørsmål og gjev perspektiv til oss som opplever dei.
Utsi har ein rik symbolbruk, gjennom fargebruk, materialbruk, motiv, form, utskorne symbol og titlar. Når ho nyttar seg av elementa piggtråd og små barneandlet i gips, leier det tanken min inn på uskuld, urett, konflikt og vald. Det er ein tydeleg kommunikasjon som kanskje gjer verka mindre verknadsfulle – men berre når dei er samla på denne måten. Men det einskildverka eventuelt tapar i kraft med denne samanstillinga, framhevar kunstnaren si stadige utforsking av, og engasjement for, sosiale og politiske tilhøve når ein ser verka i samanheng.
Andre av symbola er ukjende for meg. Til dømes romben som går att i mange verk, og andre geometriske figurar. Dei har openbert ei viktig tyding, om ikkje det er det same frå det eine verket til det andre. I Snarbys tekst i katalogen står det om korleis Utsi lærte om sørsamisk ornamentikk, og at til dømes denne romben har utgangspunkt i eit sørsamisk solkors. Eg hamnar nedi ei slags kaninhole om sørsamiske tradisjonelle symbol og merkar at løyndomane til Utsi vekker nysgjerrigheita i meg.
Teikningane Dagens (2008), Urgammel (2008) og skulpturen De hjemmekjære og den fremmede (2008) har alle skjel som hovudmotiv, av typen vakre konkyliar. Eg blir slått av korleis Utsi hentar fram eit motiv eg omtrent hadde avskrive som estetisk uinteressant, for kitsch, og får meg til å sjå på både gjenstanden og symbolikken på ein ny måte. Anten det handlar om tid og aldring, som i Dagens og Urgammel eller det får meg til å kjenne på heim, framande, grensa mellom verder og løyndomar som i De hjemmekjære og den fremmede, gjennom konkyliane som er lagde i mønster som i dei samiske labyrintane langs Finnmarks-kysten og på Kola, med ein kleberstein i midten.
Fotnoter:
1: Dahl, Lise (red.). Ingunn Utsi: Mun lean dat maid lean dahkan. Nordnorsk Kunstmuseum og Ingunn Utsi, 2024, s. 26–27
2:Ibid., s. 20