Skumring i Tromsdalen – ein kveld i liminalitet
Omtale av Outsiders, del av Insomnia 2024, kuratert av Charlotte Bendiks og Spacement, 17.10.2024, Tromsdalen og Freidigtunet.
Myrkret senka seg, og nysgjerrige festivaldeltakarar og uvitande turgåarar let seg lokke mot ljosa og ljoden djupt inne i Tromsdalen.
Skriven av Åsne Ø. Høgetveit
Å planlegge eit fire timar langt utandørs arrangement djupt inni Tromsdalen – i oktober – er temmeleg ambisiøst. Fare for frostskadar og hypotermi hjå medverkande og besøkande må ha vore ein del av risiko og sårbarheitsanalysen, tenker byråkraten i meg. I dagane før arrangementet sjekkar eg vêrvarslinga omtrent frå time til time for å kunne stille med rett utstyr. Den store skrekken er å bli kald, våt og sur og derfor gå heim for tidleg.
Då eg onsdag ettermiddag set meg på sykkelen for å krysse over til fastlandssida av Tromsø, er eg kledd i ull i fleire lag, men har droppa regnjakka. Over brua er vinden sterk nok, men han er overraskande mild. Eg skuler sørover mot Balsfjord, der skyene er tungt gråblåe. Når kjem regndropane? Mot aust att ruvar Tromsdalstind, Sálašoaivi, imot meg. Den fyrste haustsnøen lyser opp tinden, nesten som ein refleks, mot dei myrke skyene. Kontrastane er sylkvasse. Bjørkene lyser i gult og oransje, liene er brune, og sundet er gråblått. Eg dreg pusten djupt og prøvar å la utpusten dra med seg tankesurr som har dukka opp i løpet av dagen, og flytte merksemda dit eg skal. Kva var det det stod i programskildringa? «OUTSIDERS invites audiences to immerse themselves in art, music, and dance while embracing the mysticism of the Arctic. It offers a profound exploration of marginalization, indigenous history, ritualistic power, and, most importantly, togetherness. In a world often divided by polarization, this event aims to rekindle unity and shared experience under the open Arctic sky. [...] Through this convergence of art, music, performance, and indigenous heritage, OUTSIDERS becomes more than just an event — it becomes a space for shared understanding, unity, and the breaking down of boundaries between cultures, artists, audience and nature.»
Noko om at skiljet mellom natur og kultur skulle bli utfordra og viska ut? Eg henger meg litt opp i korleis me i språket ofte lagar skilje mellom natur og kultur. Tromsdalen er på fleire vis eit godt døme på at plassar er både og, ikkje enten eller. I dag er det eit av dei mest populære friluftsområda i Tromsø, med godt tilrettelagde turstiar sommar og vinter, lysløyper, sykkelstiar, hundestiar, grusvegar, rasteplassar, klopper, bruer, avstikkarar opp dalsidene, planta granskog og til og med ein høgst omstridd skytebane. Men her er òg flust av kulturminne frå menneskeleg verksemd gjennom hundrevis av år. Slik det ofte er i eit landskap. Mellom anna er her rike kulturminne frå dei samiske reindriftsfamiliane som budde og dreiv i området, men som i stor mon vart pressa ut i samband med tvangsflyttinga på 1920-talet.
Eg kjem fram til oppmøtestaden tilvist i programmet. Her er det alt fleire titals personar som vil vera med på det som i programmet er omtala som ein guida tur gjennom Tromsdalen, der me skal få reise djupt inn i villmarka («into the wilderness»). Folk verkar oppglødde og nysgjerrige på kva som skal skje. Og så ruslar me, turen går cirka to kilometer innover i dalen, fram til Freidigtunet, som er lagt til rette som turmål av den pensjonistdrivne ideelle organisasjonen Gutta på skauen.
Etter om lag halvannan kilometer kjem me til ein installasjon. Nokre meter frå vegen står noko som nærast ser ut som ein kvit kjempesopp, med ei lita lystavle rett nedom hatten og som det kjem uhyggelege ul frå. Det har alt byrja skumre, så fleire i fylgjet kvepp til, og passerande hundar stemmer i ulinga. Eg vil gjerne sjå soppen frå fleire sider, og då eg har gått litt forbi, får eg sjå ljosa frå byen. Det kjennest alt som eit stykke unna, og soppen lagar ein fin silhuett som om han står der og speidar utover mot den hektiske urbaniteten.
Sjølve vandringa inn, og guidinga, lever dessverre ikkje opp til forventningane, for det er berre ein installasjon, og utover det å syne vegen er det ikkje noko guiding. Derimot er det ei openberring å koma inn på Freidigtunet. Me passerer gjennom ein slags laserljosportal, og framfor oss lyser det i fleire fargar, mest raudt. Eit bål, av varianten stokkvarme eller nying, brenn utanfor ein open lávvu, delvis rigga ut frå ein varebil, og lyst opp med raudt ljos. Her er mjuke reinsskinn på bakken og i bilen, og på den nette lávvuomnen står ein diger kjele med sterk kaffi. Ved sidan av lávvuen heng ei freistande huske med sete gjort av ein grov trestokk, opplyst i kvitt, skarpt ljos. Lávvuen, huska og det raude ljoset frå lávvuen og nede i bekken lagar på same tid ein trolsk stemning og snakkar godt med det som er den vante bruken av området som turmål og rasteplass.
Vidare frå lávvuen kjem me inn på sjølve tunet, der det er bygd ei imponerande scene av tynne stokkar. Vis-à-vis scena heng eit slags lerret spent opp mellom nokre tretoppar, det er sett saman av stoffdelar og ljospanel som stadig skiftar farge. Kvart ljospanel har ulik ornamentikk, eitt leier tanken til karveskurd, eitt til nordljos, andre har geometriske former eg forbind med futurisme. I sentrum er eit rundt ljospanel med logoen til Insomnia-festivalen. Stoffdelane mellom ljospanela er meir anonyme, dei ser grå ut, somme med kamuflasjemønster. Folk og møll blir trekte mot ljoset, og snart dansar alle.
Dei ulike installasjonane me får oppleve, er laga av Isak Mølster, Ellen Vikström, Rurik Sjösten, Mimi Midorikawa, Marita Isobel Solberg, Joar Nango, André Enger Aas, Vegard Krane, Tobias Aputsiaq Prytz og Fredrik Suhr Svendsen, som alle er inviterte inn av Spacement. Sistnemnde er eit litt løynd kunstprosjekt – initiert og drive fram av kunstnarane André Enger Aas og Lea Joakim Svendby – som dei to siste åra har presentert pop-up-utstillingar og tilstellingar i Tromsø der dei har fokusert på det dei kallar outsider art. I tillegg til den visuelle kunsten er det fire artistar på scena i løpet av arrangementet. DJ O. Blom, Charlotte Bendiks, Munk og Mental Overdrive. Det er kult at konseptet med elektronikamusikk til skogs kan fungere i oktober i Tromsø, og settet til Charlotte Bendiks er noko heilt særeige å vera med på denne kvelden. Eg har høyrt rykte om at Bendiks i fleire år har prøvd å få til dette arrangementet, og eg forstår kvifor. Settet hennar byrjar med ein kort monolog som reflekterer kring omgrepet «outsiders». Opplesaren inviterer oss til å tenke over kven dei eigentlege utskota/outsidarane er – dei som har gløymt banda sine til naturen, eller dei som stadig let seg binde saman med natur og kvarandre. Og Bendiks sender oss ut i refleksjonen med mjuke, pulserande rytmar, djup bass, trommer og innimellom naive tekstar med rim som «move // groove». Me er fleire som får assosiasjonar til leik og barndomsminne, og me prøvar ut bevegelsar med utgangspunkt i kva me høyrer, kjenner og kvar me er. Kring oss forsvinn ljoset meir og meir.
På ein nesten bortgøymd husvegg litt opp i vegen frå sceneområdet nærast snublar eg over ein ljosinstallasjon. Ein sekvens med det som minner meg om pikselert nordljos rullar over veggen. Plasseringa av installasjonen er ikkje heilt heldig då han verkar litt for liten på eit vis – samanlikna med sjølve scena, det som skjer på henne, det store teppet og lávvuen med kringliggande huske og ljosinstallasjon. Han ville hatt betre effekt av å fylle eit meir avgrensa område.
Det er nokså myrkt då eg legg i veg vestover, mot ljosa frå byen. Men framleis kjennest vinden underleg varm. Eg ruslar glad utover. Vanlegvis er eg nokså myrkeredd, men no er eg ikkje det minste uroleg. Det raude ljoset var ekstra lurt fordi det i minst grad øydelegg nattsynet. Med Outsiders har Charlotte Bendiks og Spacement laga eit trygt og samstundes mystisk rom på Freidigtunet og gjeve eit nytt lag med kultur til dei alt kulturrike omgjevnadane. Eg smiler ekstra ved tanken på alle dei som berre var på ein vanleg kveldstur i Tromsdalen og så gjekk rett inn i dette rommet. Faktisk er eg litt misunneleg på dei som fekk akkurat den opplevinga.